Gol skule markerer FNs biomangfolddag og naturmangfoldåret 2010
Den 20. mai 2010 var FNs biomangfolddag. Denne dagen vart markert som eit ledd i naturmangfoldåret 2010 der fokus er artsmangfold og korleis me alle kan bidra med å stogge tapet av arter i naturen vår.
Klasse 5 a og 5 ved Gol skule var ute i felt 19 og 20 mai og gjorde registreringar av planter, fugler og insekter. Saman med dei var Per Steinar Hånde, tidlegare lærar ved Gol vidaregåande skule, og Per Furuset, fugle og insektskjennar.
Klassane registrerte over 40 ulike planteartar og over 10 ulike fugleartar samt nokre insekter. Desse opplysningane er lagt inn i databasen til Naturfagsenteret; miljølære.no. Her kan forskarar og andre finne fram til opplysningane. Meir informasjon om biomangfolddagen og naturmangfoldåret.
Gol kommune takkar elevar og lærarar ved Gol skule som deltok. Takk også til ekspertane Hånde og Furuset for fagleg bistand og støtte.