Flott om du svarar på "Lokaldemokratiundersøkelsen"

Gol kommune vil gjerne at du som blir oppringt om "Lokaldemokratiundersøkelsen"  svarar på denne så godt du kan.

 

Telefonintervjuet av 150 innbyggarar i Gol er ein del av Lokaldemokratiundersøkelsen som Gol kommune er med på i regi av Kommunenes Sentralforbund og Kommunal- og Regionaldepartementet.

Telefonintervjua blir gjennomført av meiningsmålingsinstituttet Opinion.

Du kan vera med på å gje eit mest mogleg riktig bilde av lokaldemokratiets kår dersom du svarar på dei 11 spørsmåla/påstandane som Opinion vil stille deg.

 

Olaug Grønseth Granli, ordførar

 

Publisert
10.05.2010
Sist endra
02.01.2012

Kontaktinformasjon

Gol kommune
Servicetorget
Gamlevegen 4, 3550 Gol
Telefon 32 02 90 00