Eigedomsskatt - arbeid med taksering
Interessert i takseringsarbeid i Gol ?
Gol kommunestyre vedtok 15.12.2009 å utvide omfanget av eigedomsskatten frå Gol tettstad og verk og bruk til å omfatte heile kommunen frå 01.01.2011. Kommunen skal taksere om lag 5 000 bustadeigedomar, medrekna dei som har eigedomsskatt i dag.
Til dette ynskjer kommunen å engasjere mannskap som kan ta takseringsarbeid i perioden august 2010 –februar -11. Arbeidet består i synfare, måle opp, registrere og vurdere bygningar og eigedomar i heile Gol kommune knytt til bustader, for fritids- som for fastbuande. Arbeidet vil i hovudsak blir utført i arbeidslag på to. Opplæring for dette arbeidet vil bli gitt gjennom eit vekeskurs (på Gol) så tidleg som mogleg i august.
Kvalifikasjonskrav
Vera skikka for oppgåvene. Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Du må vera nøyaktig og strukturert og ha gode evner til kommunikasjon og samarbeid
Har du interesse av denne type takseringsarbeid og har høveleg erfaring og bakgrunn for dette, så sender du ein søknad til Gol kommune, Eigedomsskattekontoret, Gamlevegen 4, 3550 GOL eller postmottak@gol.kommune.no.
For nærare opplysningar – ta kontakt med Tor Bergum på 917 86 834.
Søknadsfrist 10.05.10
Rådmannen