Drømmestipendet til Sjur Hovden Borge

Bilde av Sjur H. BorgeSundag 13. juni blei Sjur Hovden Borge overrekt Drømmestipendet på 10 000 kroner under eit arrangement på Gol kulturskule. Drømmestipendet blir delt ut av Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd og går til 100 unge kulturutøvarar som er vurdert av ein breitt samansett jury.

 

Sjur Hovden Borge er ein framtidsretta toraderspelar, og står som den heilt klare einar blant juniorar på torader i Norge i dag. Han har ei enorm interesse for instrumentet og for musikken som følgjer med dette. Han komponerer sjølv melodiar i gammaldansstil.

Han har også vist interesse for den lokale tradisjonen innanfor bygdespel, altså springar og laustradisjonen i Hallingdal. Hallingdal står i ei særstilling når det gjelder den eldste folkemusikken på durspel i landet, og Sjur er det neste leddet i denne rekka.

Sjur er alltid positiv, og ein ja-person utan sammenlikning. Han blir ofte brukt som dansespelemann og som konserthaldar i Hallingdal. Han er ein av dei faste spelemennene til Frikar-dansaren Martin Myhr og hans dansarlag og har fleire år helde konsert og dansespeling  under Den Norske Folkemusikkveka.

Merittar fra konkurransar og kappleikar:

2007 Landskappleiken Geilo   1. Plass
2008 Storefjelltreffen    1. plass
2008 Landskappleiken Oppdal   1. plass
2008 Landsfestivalen Sjåk    2. Plass
2008 Konsert på Den Norske Folkemusikkveka
2009 Storefjelltreffen    1. plass
2009  NM i folkemusikk    1. plass
2009 Jørn Hilme-stemnet    1. plass
2009 Konsert på Den Norske Folkemusikkveka
2010 Deltaking på tre konsertar på Den Norske Folkemusikkveka

 

Publisert
13.06.2010
Sist endra
02.01.2012
Publisert av
lr/gg

Kontaktinformasjon

Gol kommune
Servicetorget
Gamlevegen 4, 3550 Gol
Telefon 32 02 90 00