Frå 01.02.2008. er barnevernsvakta for Hallingdal i drift.
Dette er ei bakvaktsordning der barnevernstenestene i Hallingdal har beredskap også utanom ordinær arbeidstid.
Telefonnummeret er berre tilgjengeleg for politi og lege.
Dersom det skal formidlast kontakt, tar politi/ lege kontakt med barnevernsvakta, som så ringer opp vedkommande.
Politi og lege vil ha muligheten for å kontakte barnevernet i tilfelle der det er barn/ ungdom involvert, og der dei vurderer at det er bruk for bistand frå barnevernstenesta.