A (H1N1) "Svineinfluensa"

Pandemisk influensa - tilbod om vaksinasjon for alle i Gol

Det er ikkje planlagt fleire dagar med massevaksinasjon. Du kan ringe helsestasjon eller legekontoret og si ifrå at du vil ha vaksine til deg sjølv eller barna dine. Det er 10 doser i eit hetteglas og den må brukast innan eit døgn.

Derfor er det at vi må ha 10 personar før vi avtaler når vi skal sette vaksine. Det er tilrådd at alle som ikkje har fått påvist svineinfluensa med laboratorieprøve, tek vaksine.

Alle må vente i 20 minutt etter at vaksinen er sett.
Når du skal vaksinere deg, må du ha med 11-sifret personnummer. Det er eigenbetaling på kr. 50,-. Frikort dekker ikkje dette.

Ei dose Pandemrix er tilstrekkeleg for dei fleste barn og vaksne.
 
Folkehelseinstituttet og Statens legemiddelverk har gjennomgått data om pandemivaksinen Pandemrix. Konklusjonen er at ei vaksinedose ser ut til å gi tilstrekkeleg vern for dei aller fleste barn og vaksne. Personar med nedsett immunforsvar er framleis tilrådd å ta to doser, med minimum tre vekers mellomrom.

Tidlegare tilrådingar har vore å gi to doser Pandemrix til barn under 10 år. Det ser no ut til at ei dose er nok. Tilrådinga no er ei vaksinedose for alle unntatt personar med nedsett immunforsvar. For dei som allereie er vaksinert med to doser, vil endring i tilrådinga ikkje bety noko.

Myndigheitene følgjer fortløpande med på resultat frå kliniske studiar, og eventuelle oppdateringar i anbefalingane skjer på grunnlag av desse. Dersom det på eit seinare tidspunkt skulle vise seg å være nødvendig med en vaksinedose til, vil myndigheitene gå ut med ny informasjon om dette.
Vaksinering mot pandemisk influensa
(svineinfluensa)

Vaksinasjon er det beste vernet mot pandemisk influensa. Det viktigaste formålet med vaksineringen er å beskytte den enkelte mot komplikasjonar og død. Dernest å redusere smittepresset i samfunnet og gjennom vaksinering redusere tal på alvorleg sjuke. I tillegg er det eit mål å redusere belastninga på helsetenesta og holde helsetenesta i gang.
Råd for deg som blir influensasjuk.

Det er tilrådd at personar med influensa skal halde seg heime i 7 dagar etter at dei blir sjuke Det er gjort ei ny vurdering av dette no som store deler av risikogruppene er vaksinert. 

Personar med influensa kan møte på arbeid/skole/barnehage tidligast 24 timer etter at dei er symptomfrie.

For helsepersonell gjelder framleis anbefalinga om å holde seg heime i 7 dagar etter at dei vart sjuke.
 

Sida blir oppdatert etterkvart som ny informasjon kjem.

 

Publisert: 02.11.2009
Sist endra: 07.07.2010
Oppretta av: abb
Kontakt oss

Kommunelegekontoret tlf. 32 02 92 00

e-post

Gamlevegen 4, 3550 Gol  -  Tlf: 32 02 90 00  -  Send e-post til Gol kommune  -  Nettansvarleg: Liv Rosén